HARDANGER BIRØKTERLAG

Adresse:Opedalsvegen 36
Postnummer:   5781
StedLOFTHUS
  
Telefon:908 70 340
E-post:sissel@opedal.info
 
Kontaktperson:  Sissel Opedal   

Hardanger Birøktarlag er eit av 4 lokallag i Hordaland, og dekkar dei indre delane av fylket. Dei fleste av medlemmene held til i Ullensvang Herad, men me har også medlemmer i dei andre Hardanger-kommunane og på Voss og i Bergen.

Ettersom Hardanger er eit av dei største fruktdistrikta i Noreg er det stort behov for bier til pollinering. I dag må ein god del kubar hentast utanfor distriktet, og lokallaget arbeider for å rekruttera fleire lokale birøktarar innan fruktdistriktet.

Men alle som ynskjer å starte med bier er velkomne som medlemmar. Hardanger Birøktarlag ynskjer å legge til rette for kurs for nye birøktarar, og me ynskjer å få til kurs eller samlingar for dei med litt meir erfaring. Dronningavl og 2-dronning drift er óg tema som laget vil arbeida meir med i året som kjem.

Om DU har ynsker eller gode forslag til aktivitetar som laget kan setja igong, så send ein epost til: sissel@opedal.info så vil styret forsøke å fylja opp.


 





Tilbake